Brå som ein fønvind kom tide vår ilag.
Fri ifrå kavet, to neta og ein dag.
Men holet i min ring,
det passa ingenting.
No leita eg kvilelaust omkring.
Varm som ein fønvind, du pusta på mitt liv.
Flaug bort med vinden, det stakk meg som ein kniv.
Og holet i min ring,
det passa ingenting.
No leita eg kvilelaust omkring.
Men ei stund va alt forandra, summar'n kom i advent.
Ein bisverm flaug forbi, og julegata va tent.
Det va midt på svarte vet'n, men neimen om eg fraus.
Eg stod i fønvind luvelaus.
Mjuk som ein fønvind som smelta snø og is.
Orda eg leit på, va lygn på alle vis.
Som holet i ein ring,
so full tå ingenting.
No leita eg kvilelaust omkring.
Men ei stund va alt forandra, summar'n kom i advent.
Ein bisverm flaug forbi, og julegata va tent.
Det va midt på svarte vet'n, men neimen om eg fraus.
Eg stod i fønvind luvelaus.
Men holet i min ring,
det passa ingenting.
No leita eg kvilelaust omkring.
Brå som ein fønvind.
Varm som ein fønvind.
Varm som ein fønvind.